Nettverkssamling i København

19. – 20. september vart det arrangert ei samling i «Digitalt læringsnettverk Norden» på Københavns Professjonshøjskole. Nettverket er samansett av lærarstudentar og utdanna lærar frå Norge og Danmark, som har eit spesielt interesse for pedagogiske og didaktiske spørsmål knytt til teknologiens plass i undervisninga.

Som studentmedarbeidar i Læringsverkstaden her på Høgskulen i Volda var det veldig kjekt å bli invitert til denne samlinga. Fyrste dagen starta med ei rundvising på Campus Carlsberg som er hovudcampus for Københavns Professjonshøjskole (KP). Det er også her Future Classroom Lab ligg, den plass som kom til å bli basen for nettverket dei to komande dagane.

Mange av dei digitale verkstadane som er under utvikling rundt om på lærarutdanningsinstitusjonane i Noreg har sett til Future Classroom Lab på KP for inspirasjon. Labben har vore i konstant utvikling sidan den vart starta for 10 år sidan, og blir i dag brukt både til undervisning i lærarutdanningane og til vidareutdanning av lærarar som arbeider i grunnskulen i København.

Målet med samlinga i nettverket var å samarbeide om å utvikle konkrete undervisningsopplegg som tok føre seg ein eller anna digital teknikk. Etter å ha idèmyldra om kva tematikk vi ønska å fordjupe oss i delte vi oss i fire grupper. Tre av gruppene laga opplegg som tok utgangspunkt i bruk av spel i undervisninga; den fjerde gruppa såg på korleis ein kan introdusere koding i undervisninga for elevar (og lærarar) som har lite eller ingen erfaring med dette.

Alle fire grupper klarte, på trass av den avgrensa tida, å lage spanande og relevante opplegg som vart presentert for resten av gruppa til lunsj på dag to. Sjølv om det faglege opplegget var intenst, så fant vi også tid litt sosial samvær – men det viste seg at det fans så mykje spanande å prøve ut i labben at vi vart att langt ut på kvelden.

Sist på programmet stod eit besøk på TekX i Rødorve kommune. TekX er eit tilsvarande Future Classroom Lab for heile kommunen. I staden for at kvar enkelt skule skal kjøpe inn og bygge kompetanse knytt til nytt digital utstyr, så har kommunen valt ei felles løysing. Til TekX kan lærarar frå alle skulane i kommunen kome med elevane sine for å ta i bruk digital teknologi i undervisninga. Ein viktig del av filosofien til kommunen er at TekX ikkje skal vere ein plass elevane blir sendt til – det er lærarane ved den enkelte skulen som tek i bruk labben i undervisninga. Dette fordi dei ynskjer å styrke kompetansen hjå alle lærarar i kommunen, og ikkje berre  dei spesialiserte pedagogane som arbeider på TekX.

Alt i alt var det ein utruleg inspirerande og lærerik tur, og eg håpar eg får anledning å også bli med på neste samling.

Skrive av Joakim Olsson

Opning av Læringsverkstaden

Fyrste dag med studentar i Læringsverkstaden er snart omme. Ei fin opning av ein viktig base som skal utvikle digital kompetanse både hjå tilsette og studentar.

 

 

Studentar frå MAGLU 1 var dei fyrste som fekk ta i bruk Læringsverkstaden i praksis. Vi ser fram til å møte fleire tilsette og studentar i Læringsverkstaden i vekene som kjem!

Læringsverkstaden er snart eit faktum!

Det nærmar seg opning av Læringsverkstaden i biblioteket, og fleire av dei tilsette i DKL er i full sving.

Læringsverkstaden vert ein base og ein uformell møtestad for alle knytt til Høgskulen i Volda, og vi ser fram til å møte både studentar og tilsette i verkstaden!

(Enn so lenge finn du oss der med skrue og drill i handa)

Fagfornyinga – korleis påverkar den læraren sin praksis?

 

Jarle frå DKL er godt i gong med undervisning på emnet «Fagfornying og klasseleiing i teknologirike klasserom (1.- 3. trinn)» for lærarar i Ulstein.

Digitale verktøy og teknologiske løysingar pregar livet vårt både på og utanfor skulen. I dette emnet ser Jarle og lærarane nærare på klasseleiing/ læringsleiing i teknologirike klasserom i småskulen. Dette vert sett opp mot intensjonane i fagfornyinga, og det vert konkretisert korleis fagfornyinga påverkar undervisninga framover.  Lærarar har i dei siste åra fått gode erfaringar med bruk av teknologi i undervisninga, og gjort seg nokre viktige og nyttige erfaringar. I studiet får lærarane høve til å diskutere dette og knyte det opp mot forsking på læringsutbytte i teknologirike klasserom.

 

 

.

Verkstad på Velle skule

Vi er i gang med vidareutdanning for lærarar i Ørsta kommune. Fyrst ut var ein verkstad på Velle skule med tema animasjon, klasseleiing og teknologirike klasserom.

Lærarane fekk prøvd Stop Motion Studio i praksis, diskutert og reflektert over klasseleiing i deira klasserom.

 

 

 

Stop Motion Studio er ein kraftig, fullverdig filmredaktør med ei rekke funksjonar:
• Eit forenkla, brukarvennleg grensesnitt
• Overlay-modus som viser forskjellane mellom rammer
• Rutenettmodus lettare å plassere animerte objekt
• Kopier, lim inn, kutt og sett inn rammer på kva som helst slags posisjon
• Filmredigerer med forhåndsvisning av ramme for bilde
• Tidslinje, slik at du aldri går deg vill, sjølv om du har hundrevis av rammer

Læringsverkstad om VR-briller og virtuelle reiser i skulen

Ulstein videregåande har brukt VR (Virtual Reality) i faga engelsk, tysk, naturfag, historie, geografi og religion. Dei har investert i VR-briller og router for å la elevane kunne tre inn i historiske tider og stader dei elles ikkje ville ha opplevd.

Sveinar Kleive frå Ulstein videregåande fortel at dei bruker VR i undervisninga for å kome tettare på det verkelege og skape opplevingar og forståing.

 

Dei bruker blant anna YouTube og Google-expedition for å finne aktuelle visningar med VR. Nokre av bilda har tekstar med informasjon og forklaringar som læraren kan bruke i undervisninga.

På læringsverkstaden ved Høgskulen i Volda vart det også moglegheiter for å montere ein rimeleg variant av VR-briller for utprøving.

 

Her kan du sjå elevar frå ein dansk skule ta ei tidsreise til opplysningstida med VR-briller:

 

Læringsverkstad med digital tavle

Torbjørn Frantsen frå DKL (Digital kompetanse i læring) ved Høgskulen i Volda held læringsverkstad om digitale tavler.

Kva er ei digital tavle? spør Torbjørn. Digitale tavler er skjermar med interaktive touchfunksjonar der du kan bruke fingrar og hender til å klikke og flytte på ting, forklarar han.

Det blir vist eksempel frå tre ulike leverandørar: SMART, Promethean og Prowise.

Sistnemnde har tilleggsfunksjonen MOVE der eit kamera fangar opp og simulerer bevegelse, lik ein X-box.

Prowise har også moglegheit for å vende skjermen slik at du får eit horisontalt touchbord.

Dei digitale tavlene opererer med ulike programvarer. SMART har Notebook, Promethean har Classflow og Prowise har programmet Presenter. Prowise Presenter er gratis og kan brukast på andre digitale tavler enn Prowise sine eigne.

Under verkstaden får alle i oppgåve å registrere seg for utprøving av Presenter for å teste ut ulike bruksområde knytta til fag.

 

Læringsverkstad med Showbie

Som del av DigiGLU-prosjektet vert det halde læringsverkstad for alle interesserte der vi ser på ulike digitale verktøy og ressursar, og korleis desse kan nyttast i undervisningssamanheng.

To lærarar frå 4. trinn på Øyra skule viser korleis dei brukar Showbie som læringsplattform på iPad.

Oppgåver, innleveringar og innlesing av leseleksa på opptak er nokre av bruksområda for elevane. Dette er både tidsbesparande og lettar høgtlesingsvegring. Her kan elevane lese om igjen fleire gongar og lagre det dei er fornøgde med.

Blyant og papir vert fortsatt brukt til skriftlege oppgåver, som deretter vert fotografert og levert i Showbie.

Bruk av Showbie gir gode moglegheiter for vurdering, og til å fange opp behov for tilpassing tidleg, forklarar Yvonne. Læraren kan gi rask respons til elevane med både skriftlege og munnlege kommentarar.

Det vert poengtert at bruk av iPad ikkje er ei hindring for samarbeid. Elevane hjelper og støttar kvarandre i samarbeid om oppgåver. Dei brukar blant anna Google-dokument som også gir moglegheiter for samhandling. Dokumenta vert lasta opp i Showbie slik at alt ligg samla.

Lærarane frå Øyra er veldig godt fornøgde med moglegheitene Showbie gir, og trekk fram informasjonsdeling som eit stort pluss. Informasjonsflyten vert bedre, og dei digitale verktøya erstattar ranselpost og meldemapper. Her er alt samla på iPaden, og beskjedar kan delast fortløpande. Vekeplanar og anna informasjon er alltid tilgjengeleg, så både elevar og føresette kan enkelt halde seg oppdatert.

Elevane brukar iPaden heime til å gjere lekser. Det vert lagt vekt på at iPaden er eit læringsverktøy, og det er laga avtalar om begrensa skjermtid i samråd med føresette.

Digitale utviklingsplanar for lærerutdanninga

Den første veka i januar 2019 var det samling på Nordfjordeid, med framlegg av alle faga i lærarutdanninga sine utviklingsplanar for profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) framover.

Fagutviklingsgruppene presenterte utviklingsplanar i Kunst og handverk, Matematikk, KRLE, Engelsk, Samfunnsfag, Naturfag, Pedagogikk og Spesialpedagogikk, Norsk og Kroppsøving, samt for fagadministrasjonen ved studieleiar i grunnskulelærarutdanninga.

Gruppene presenterte mange spennande utforskings- og uviklingstiltak både innad og på tvers av fag, til dømes satsingar på:
– Virtual reality og augmented reality i læring
– Bruk av digitale forteljing på tvers av fag
– Omvendt undervising og bruk av læringsfilm
– Spelbasert læring/gamification
– Programmering og algoritmisk tenking
– Datamåling og datalogging
– E-twinning