Velkomen til PfDK-nettverkskonferansen 2020: Digital skaparkraft 12.-15.oktober
Grunna korona-situasjonen måtte vi utsetje den nasjonale nettverkssamlinga i PfDK “Digital skaparkraft” i mars.
No har vi tilpassa programmet, og Høgskulen i Volda og Udir kan på nytt ønske velkomen til Volda og Ulsteinvik – no på nett.
Vi deler konferansen over fire dagar med direktesendte praktiske verkstadøkter som de kan bli med på frå kl. 14.30-15.45,
medan foredrag og fagsamtalar ligg som ferdige filmar her på konferansenettsida.
Tema for dei ulike dagane:
12.oktober – Digital skaparkraft i skule og lærarutdanning
Intro på film:
- Velkomen til nettverkskonferanse i PfDK – Digital skaparkraft
Marijana Kelentric, Udir og Synnøve Amdam, Digital kompetanse/DigiGLU, HVO
Key notes på film:
- Tverrfaglig arbeid og STEAM i skolen
Erik Fooladi, Institutt for realfag, HVO - Frå Ludvigsen-utvalet til Skaparhuset
Kjersti Kleven, IKuben og Skaparhuset
Praktisk verkstad kl.14.30-15.45 – påmelding/kalenderavtale:
- ‘Digital skaparkraft i skulen’
Direktesending frå Skaparhuset med lærarar frå Teknologiskulen Ulstein og Ulstein vgs.
13.oktober – Digital undervising med film i skule og lærarutdanning
Innlegg på film:
- Digital undervisning med ulike typar film
Stian Fagerlid, Digital kompetanse, HVO - Omvendt undervising i samfunnsfag i lærarutdanning
Nils Magne Magerøy, Skuleretta samfunnsfag, HVO - Digitale praksisbesøk i lærerutdanning
Solfrid Nymark, Yrkesfaglærerutdanning, OsloMet
Praktisk verkstad kl.14.30-15.45 – påmelding/kalenderavtale:
- ‘Bruk av film i digital undervising’
Direktesending frå Medieverkstaden ved HVO ved Stian Fagerlid
14.oktober – Programmering i skule og lærarutdanning
Innlegg på film:
- Programmering i skule og lærarutdanning med fagfornyinga
ved Torbjørn Frantsen, Digital kompetanse, og Kim Andre Refvik, Matematikk, HVO - Lær Kidsa Koding og Super:BIT-prosjektet i skulen
Lær Kidsa Koding
Praktisk verkstad kl.14.30-15.45 – påmelding/kalenderavtale:
- ‘Programmering i fagfornyinga’, om TEKPROG-prosjektet sine kompetansepakkar for programmering i musikk, matematikk, naturfag og kunst og handverk.
Direktesending frå Læringsverkstaden, HVO ved Torbjørn Frantsen, Digital kompetanse, HVO, Liv Oddrun Voll, Naturfagsenteret UiO, og Peter Haakonsen, Oslo Met.
15.oktober – Makerspace/Skaparverkstad og framtidsklasserom
Innlegg på film:
- Om framtidsklasserom og digitale verkstader ved HVO
Synnøve Amdam, Digital kompetanse/DigiGLU, HVO - Future Classroom Lab-prosjektet i lærarutdanning
Kristine Sevik og Vibeke Guttormsgaard, Udir BetaLab - Å skape med VR
Paolo Scarbocci, prosjektleiar, Didaktisk digitalt verksted, UiS
Praktisk verkstad kl.14.30-15.45 – påmelding/kalenderavtale:
- ‘Korleis bruke ein digital skaparverkstad i design, kunst og handverk’
Direktesending frå Skaparverkstaden ved HVO
ved Karen Brænne og Janne Heggvoll.