19. – 20. september vart det arrangert ei samling i «Digitalt læringsnettverk Norden» på Københavns Professjonshøjskole. Nettverket er samansett av lærarstudentar og utdanna lærar frå Norge og Danmark, som har eit spesielt interesse for pedagogiske og didaktiske spørsmål knytt til teknologiens plass i undervisninga.
Som studentmedarbeidar i Læringsverkstaden her på Høgskulen i Volda var det veldig kjekt å bli invitert til denne samlinga. Fyrste dagen starta med ei rundvising på Campus Carlsberg som er hovudcampus for Københavns Professjonshøjskole (KP). Det er også her Future Classroom Lab ligg, den plass som kom til å bli basen for nettverket dei to komande dagane.
Mange av dei digitale verkstadane som er under utvikling rundt om på lærarutdanningsinstitusjonane i Noreg har sett til Future Classroom Lab på KP for inspirasjon. Labben har vore i konstant utvikling sidan den vart starta for 10 år sidan, og blir i dag brukt både til undervisning i lærarutdanningane og til vidareutdanning av lærarar som arbeider i grunnskulen i København.
Målet med samlinga i nettverket var å samarbeide om å utvikle konkrete undervisningsopplegg som tok føre seg ein eller anna digital teknikk. Etter å ha idèmyldra om kva tematikk vi ønska å fordjupe oss i delte vi oss i fire grupper. Tre av gruppene laga opplegg som tok utgangspunkt i bruk av spel i undervisninga; den fjerde gruppa såg på korleis ein kan introdusere koding i undervisninga for elevar (og lærarar) som har lite eller ingen erfaring med dette.
Alle fire grupper klarte, på trass av den avgrensa tida, å lage spanande og relevante opplegg som vart presentert for resten av gruppa til lunsj på dag to. Sjølv om det faglege opplegget var intenst, så fant vi også tid litt sosial samvær – men det viste seg at det fans så mykje spanande å prøve ut i labben at vi vart att langt ut på kvelden.
Sist på programmet stod eit besøk på TekX i Rødorve kommune. TekX er eit tilsvarande Future Classroom Lab for heile kommunen. I staden for at kvar enkelt skule skal kjøpe inn og bygge kompetanse knytt til nytt digital utstyr, så har kommunen valt ei felles løysing. Til TekX kan lærarar frå alle skulane i kommunen kome med elevane sine for å ta i bruk digital teknologi i undervisninga. Ein viktig del av filosofien til kommunen er at TekX ikkje skal vere ein plass elevane blir sendt til – det er lærarane ved den enkelte skulen som tek i bruk labben i undervisninga. Dette fordi dei ynskjer å styrke kompetansen hjå alle lærarar i kommunen, og ikkje berre dei spesialiserte pedagogane som arbeider på TekX.
Alt i alt var det ein utruleg inspirerande og lærerik tur, og eg håpar eg får anledning å også bli med på neste samling.
Skrive av Joakim Olsson