Læringsverkstad med Showbie

Som del av DigiGLU-prosjektet vert det halde læringsverkstad for alle interesserte der vi ser på ulike digitale verktøy og ressursar, og korleis desse kan nyttast i undervisningssamanheng.

To lærarar frå 4. trinn på Øyra skule viser korleis dei brukar Showbie som læringsplattform på iPad.

Oppgåver, innleveringar og innlesing av leseleksa på opptak er nokre av bruksområda for elevane. Dette er både tidsbesparande og lettar høgtlesingsvegring. Her kan elevane lese om igjen fleire gongar og lagre det dei er fornøgde med.

Blyant og papir vert fortsatt brukt til skriftlege oppgåver, som deretter vert fotografert og levert i Showbie.

Bruk av Showbie gir gode moglegheiter for vurdering, og til å fange opp behov for tilpassing tidleg, forklarar Yvonne. Læraren kan gi rask respons til elevane med både skriftlege og munnlege kommentarar.

Det vert poengtert at bruk av iPad ikkje er ei hindring for samarbeid. Elevane hjelper og støttar kvarandre i samarbeid om oppgåver. Dei brukar blant anna Google-dokument som også gir moglegheiter for samhandling. Dokumenta vert lasta opp i Showbie slik at alt ligg samla.

Lærarane frå Øyra er veldig godt fornøgde med moglegheitene Showbie gir, og trekk fram informasjonsdeling som eit stort pluss. Informasjonsflyten vert bedre, og dei digitale verktøya erstattar ranselpost og meldemapper. Her er alt samla på iPaden, og beskjedar kan delast fortløpande. Vekeplanar og anna informasjon er alltid tilgjengeleg, så både elevar og føresette kan enkelt halde seg oppdatert.

Elevane brukar iPaden heime til å gjere lekser. Det vert lagt vekt på at iPaden er eit læringsverktøy, og det er laga avtalar om begrensa skjermtid i samråd med føresette.