Læringsverkstad om VR-briller og virtuelle reiser i skulen

Ulstein videregåande har brukt VR (Virtual Reality) i faga engelsk, tysk, naturfag, historie, geografi og religion. Dei har investert i VR-briller og router for å la elevane kunne tre inn i historiske tider og stader dei elles ikkje ville ha opplevd.

Sveinar Kleive frå Ulstein videregåande fortel at dei bruker VR i undervisninga for å kome tettare på det verkelege og skape opplevingar og forståing.

 

Dei bruker blant anna YouTube og Google-expedition for å finne aktuelle visningar med VR. Nokre av bilda har tekstar med informasjon og forklaringar som læraren kan bruke i undervisninga.

På læringsverkstaden ved Høgskulen i Volda vart det også moglegheiter for å montere ein rimeleg variant av VR-briller for utprøving.

 

Her kan du sjå elevar frå ein dansk skule ta ei tidsreise til opplysningstida med VR-briller:

 

Læringsverkstad med digital tavle

Torbjørn Frantsen frå DKL (Digital kompetanse i læring) ved Høgskulen i Volda held læringsverkstad om digitale tavler.

Kva er ei digital tavle? spør Torbjørn. Digitale tavler er skjermar med interaktive touchfunksjonar der du kan bruke fingrar og hender til å klikke og flytte på ting, forklarar han.

Det blir vist eksempel frå tre ulike leverandørar: SMART, Promethean og Prowise.

Sistnemnde har tilleggsfunksjonen MOVE der eit kamera fangar opp og simulerer bevegelse, lik ein X-box.

Prowise har også moglegheit for å vende skjermen slik at du får eit horisontalt touchbord.

Dei digitale tavlene opererer med ulike programvarer. SMART har Notebook, Promethean har Classflow og Prowise har programmet Presenter. Prowise Presenter er gratis og kan brukast på andre digitale tavler enn Prowise sine eigne.

Under verkstaden får alle i oppgåve å registrere seg for utprøving av Presenter for å teste ut ulike bruksområde knytta til fag.

 

Læringsverkstad med Showbie

Som del av DigiGLU-prosjektet vert det halde læringsverkstad for alle interesserte der vi ser på ulike digitale verktøy og ressursar, og korleis desse kan nyttast i undervisningssamanheng.

To lærarar frå 4. trinn på Øyra skule viser korleis dei brukar Showbie som læringsplattform på iPad.

Oppgåver, innleveringar og innlesing av leseleksa på opptak er nokre av bruksområda for elevane. Dette er både tidsbesparande og lettar høgtlesingsvegring. Her kan elevane lese om igjen fleire gongar og lagre det dei er fornøgde med.

Blyant og papir vert fortsatt brukt til skriftlege oppgåver, som deretter vert fotografert og levert i Showbie.

Bruk av Showbie gir gode moglegheiter for vurdering, og til å fange opp behov for tilpassing tidleg, forklarar Yvonne. Læraren kan gi rask respons til elevane med både skriftlege og munnlege kommentarar.

Det vert poengtert at bruk av iPad ikkje er ei hindring for samarbeid. Elevane hjelper og støttar kvarandre i samarbeid om oppgåver. Dei brukar blant anna Google-dokument som også gir moglegheiter for samhandling. Dokumenta vert lasta opp i Showbie slik at alt ligg samla.

Lærarane frå Øyra er veldig godt fornøgde med moglegheitene Showbie gir, og trekk fram informasjonsdeling som eit stort pluss. Informasjonsflyten vert bedre, og dei digitale verktøya erstattar ranselpost og meldemapper. Her er alt samla på iPaden, og beskjedar kan delast fortløpande. Vekeplanar og anna informasjon er alltid tilgjengeleg, så både elevar og føresette kan enkelt halde seg oppdatert.

Elevane brukar iPaden heime til å gjere lekser. Det vert lagt vekt på at iPaden er eit læringsverktøy, og det er laga avtalar om begrensa skjermtid i samråd med føresette.

Digitale utviklingsplanar for lærerutdanninga

Den første veka i januar 2019 var det samling på Nordfjordeid, med framlegg av alle faga i lærarutdanninga sine utviklingsplanar for profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK) framover.

Fagutviklingsgruppene presenterte utviklingsplanar i Kunst og handverk, Matematikk, KRLE, Engelsk, Samfunnsfag, Naturfag, Pedagogikk og Spesialpedagogikk, Norsk og Kroppsøving, samt for fagadministrasjonen ved studieleiar i grunnskulelærarutdanninga.

Gruppene presenterte mange spennande utforskings- og uviklingstiltak både innad og på tvers av fag, til dømes satsingar på:
– Virtual reality og augmented reality i læring
– Bruk av digitale forteljing på tvers av fag
– Omvendt undervising og bruk av læringsfilm
– Spelbasert læring/gamification
– Programmering og algoritmisk tenking
– Datamåling og datalogging
– E-twinning

SEMINAR

Seminar Fagfornyelsen og programmering

Vi inviterer lærerutdannere i matematikk til et aktivt seminar om pedagogisk bruk av Geogebra og programmering i matematikkundervisningen knyttet til Fagfornyelsen. Leder for læreplangruppa i matematikk, Renate Jensen, innleder, og vi ser nærmere på eksempler til bruk for studenter og elever, tester ut, diskuterer og tar med oss ideer tilbake til egen arbeidsplass.

Seminaret finner sted 4.-5.mars fra lunsj til lunsj på Quality Airport Hotel Gardermoen. DigiGLU (HVO) og DigiLU (HiØ) står for en del av kostnadene, egenandel er kr. 2200 for hele seminaret med middag og overnatting, bare dagpakker kr 500 per dag.

Seminaret er knyttet til digitaliseringsprosjektene på NTNU, USN, UiA, HiØ og HVO. Tilhører du en annen institusjon og er interessert i å delta, ta kontakt med prosjektleder for DigiLU Ilka Nagel ved HiØ (ilka.nagel@hiof.no).

Program

Påmelding

Demonstrasjon av robot

Dei tilsette i fagmiljøet for Digital kompetanse i læring (DKL) fekk ein fin demonstrasjon av dei ulike funksjonane til roboten DOBOT Magician.

I denne artikkelen frå NRK Møre og Romsdal kan du lese om teknologisatsing og vidareutdanning av lærarar ved Høgskulen i Volda, som del av den digitale kompetansehevinga i grunnskulen.

Kunnskapsdepartementet sin strategi for utvikling av digital kompetanse i skulane kan du lese meir om her.

 

Dobot Magician

 

 

G Suite for Education

Kurs i G Suite for Education

Undervisning og skulearbeid i ein digital kvardag stiller stadig større krav til gode verktøy for samskriving, kommunikasjon, presentasjon og deling av arbeid. DKL07KV er eit studie som går over heile hausten, med leksjonar kvar veke. Vi har ei samling i månaden. G Suite for Education er ein omfattande pakke med program, og vi vil arbeide med dei mest relevante utover hausten. Vi vil bruke mykje tid til å sjå på korleis desse verktøya kan bidra til bedre læring, og ein bedre samarbeidskultur for elevane. Kurset vil gi ei undervisning som er bedre i samsvar med den kvardagen elevane har utanfor skulen.

Dette biletet er frå 2. samling i Volda. Her har kursdeltakarane fått i oppgåve å opprette eit klasserom i Google Classroom.

Her er det oppretta mapper med innhald i ulike fag.

 

Den 29. august hadde vi første samling i studiet G Suite for Education med lærarane i Volda. På første samling brukte vi dagen til ein generell gjennomgang av løysinga, og korleis lærarane kan bruke den i undervisninga. Skulane i Volda har allereie arbeida med G-suite i eit halvt år, og lærarane har starta å ta i bruk verktøya. Det var difor ein motivert gjeng som møtte opp på første samling.

Biletet er frå første samling. Her vert lærarane kursa i G Suite for Education. Kurset omfattar pedagogisk bruk av verktøya, sikkerheit og praktisk bruk både for lærarar og elevar.

 

Samansette tekstar og digital kompetanse i læring

Kurs i samansette tekstar på Øyra skule i Volda

Kurset er eit emne på 5 stp. i Samansette tekstar i læring (DKL03KV) for lærarar som tek vidareutdanning i digital kompetanse i læring. Hensikta med kurset er mellom anna å kunne nytte digitale ressursar og produsere samansette tekstar i ein læringssamanheng, og å kunne rettleie og vurder elevane i produksjon av samansette tekstar knytta til ulike fag.

Her brukast appen Clips for opptak og redigering av video. Oppgåva her er å lage ei digital forteljing.

Første dag med bruk av iPad på MAGLU

Masterstudentane i grunnskulelærarutdanninga er i gang med bruk av digitale ressursar. Her testar dei ut bruk av iPad i norskfaget. Hensikta med utviklinga av digital kompetanse i grunnskulelærarutdanninga er at lærarstudentane skal få auka si digitale kompetanse for å bli bedre rusta til å kunne legge til rette for bruk av digitale læringsressursar i si eiga undervisning.

Miriam og Ingrid testar ut to ulike appar på iPad.

Fleire av studentane fortel om erfaringar med bruk av iPad ute i praksis. Appar som Explain Everything, iThought og Book Creator vert omsnakka.

– Det er genialt! Med Book Creator kan ein lage bøker med bileter, skrift og lyd. Då kan elevane ta opp lyden når dei les, slik at dei sjølve eller læraren og medelevane kan høyre det etterpå, forklarar Julie.

Magnus fortel om korleis Explain Everything mellom anna kan brukast til å lage avanserte tankekart.

Andrine og Julie testar ut appen Padlet.

Magnus og Jørgen brukar Explain Everything til ei av oppgåvene.

 

 

 

Tiril og Marte diskuterer ei av oppgåvene som skal utførast på iPad.