DigiGLU-Samling på Sæbø

12.-13. desember vart det arrangert DigiGLU-samling for fleire av dei som er knytt til DigiGLU-prosjektet hjå Høgskulen i Volda. Dette var eit samarbeid mellom DigiGLU-fagutviklingsgruppene, HPE205, DigiGLU-MAGLU-studentane og GLU-masterfagutviklingsgruppa.

Her vart det på tvers av ulike fagmiljø på Høgskulen diskutert og lagt fram forslag til revidering av PfDK-mastertrappa. Vidare vart det presentert delprosjekt framover, og til sist arbeid med å presentere planar for og pågåande FOU-arbeid.

Finansminister Siv Jensen imponert over Ulstein-elevar

«Ulstein er den første kommunen i landet der alle elevane lærer å programmere. Kommunen og Høgskulen i Volda har saman skapt Ulsteinmodellen, der alle lærarane i kommunen får vidareutdanning i bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisninga.»

Foto: Rakel Ellingsen

Finansministeren fekk eit innblikk i kva elevar i Ulstein kommune har jobba med gjennom Teknologiskulen. Siv Jensen var  både imponert, nysgjerrig og engasjert i det elevane hadde å fortelle.

Lese heile innlegget frå Ulstein kommune her

Samarbeid med Nye Ålesund kommune og FN sin smartbylab

DigiGLU og Digital kompetanse i læring (DKL) gler seg til å samarbeide med Nye Ålesund kommune og FN sin smartbylab som no er opna!

Gjennom DigiGLU har DKL eit mål om å samarbeide om skaping, entreprenørskap og digital innovasjon i skulen. Frå 2020 vil DKL saman med Sunnmøre regionråd etterutdanne 1500 lærarar og leiarar i Ålesunds-regionen innan profesjonsfagleg digital kompetanse gjennom Dekomp – Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skulen.

Generalsekretær i FN for U4SSC Kari Aina Eik orienterer om FN Smart City Lab under strategiseminar for partnerane 7.november. Ålesund er andre lab som blir etablert på verdsbasis.

 

 

Ulstein-modellen vekkjer interesse i regjeringa

Øyvind Tveten i Regional og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune hadde fredag eit innlegg for regjeringa sitt Kompetansepolitiske råd. Tveten brukte Ulstein-modellen for å vise korleis våre UoH-institusjonar jobbar godt med etter- og vidareutdanning. Dette vekte interesse frå Kunnskapsdepartementet og Jan Tore Sanner sin politiske rådgjevar. Vi gler oss til å følgje opp interessa!

DigiGLU brukar Ulstein-modellen. Det er ein modell for skulebasert utvikling der alle lærarar får kompetanseheving samtidig. Du kan lese meir om Ulstein-modellen her

Skaparhuset i Ulstein

Digital Kompetanse i Læring og DigiGLU-prosjektet med med på å utvikle Skaparhuset i Ulstein. Skaparhuset skal bli staden der næringsliv, elevar, studentar og offentleg tilsette møtest for å nyskape, lære og løyse utfordringar i samarbeid. Kultur, nærings- og folkehelseutvalet i fylket og Sparebanken Møre løyver no 2,5 millionar kroner til prosjektet!

DigiGLU har som mål å styrke lærarstudentar, lærarutdannarar og praksisfeltet sin kritiske og kreative profesjonsfaglege digitale kompetanse. For å nå måla vert det sett i gong ulike tiltak og delprosjekt. Delprosjekt 4 handlar om å utvikle nye læringsareal og -utstyr. I Skaparhuset skal lokalet vere fleksibelt og ha ulike soner:

  • digital sone
  • verkstadsone
  • sosial sone
  • undervisningssone
  • møtesone
  • kontorsone med kontorfellesskap for Mafoss, NCE iKuben, ÅKP/HoppID-kontoret og Ulstein Næringsforum, i tillegg til kontor for gründerar og relevante einmannsbedrifter

Som eit ledd i delprosjekt 4 har DigiGLU ved Høgskulen i Volda i tillegg utvikla Læringsverkstaden, Skaparverkstad i K&H sine verkstadar, og arbeidd for å å gje tilgang til student- og lærarutstyr, iPadar & Cromebooks med digitale læringsressursar, demostasjonar om digitale klasserom og biblioteksutlån.

 

Illustrasjon av innhald i Læringsverkstaden

Vi gav animasjonsstudentar skisse av innhald og utstyr i Læringsverkstaden, kor dei ut i frå dette kom med forslag til teikning som skulle pryde veggen utanfor verkstaden. Hensikta med teikninga er å illustrere kva som skjer inne i Læringsverkstaden. No er resultatet komt opp på veggen, og du kan sjå prosessen i filmen under.

Tusen takk til animasjonsstudenten Markus Dahl for fantastisk teikning og maling, og til lærarstudent Rebekka Malen Sefland for malingshjelp.

Film: Andreas Solbakken

 

Nasjonal nettverkssamling i desentralisert ordning for kompetanseutvikling

Torsdag 26. og fredag 27. september var det nasjonal nettverkssamling for UH-miljø i DeKomp på Gardermoen. Frå Digital Kompetanse i Læring hjå Høgskulen i Volda var Synnøve Amdam og Marianne Ulstein Johnston tilstades.

Samlinga bestod av workshop leia av OECD som har i oppdrag å følgje prosessen med implementering av DeKomp i Norge. UH-miljø, skuleeigarar og fylkesmenn diskuterte korleis implementeringa har gått så langt. Vidare handla det om fagfornyinga si rolle i DeKomp då forbereding til innføring av nye læreplanar er satt i verk.

Digital kompetanse er eit av satsingsområda i DeKomp i skulen, og region Nordre Sunnmøre er no gang med eit samarbeid med Høgskulen i Volda i forhold til Profesjonsfagleg Digital kompetanse (PfDK).

 

Nettverkssamling i København

19. – 20. september vart det arrangert ei samling i «Digitalt læringsnettverk Norden» på Københavns Professjonshøjskole. Nettverket er samansett av lærarstudentar og utdanna lærar frå Norge og Danmark, som har eit spesielt interesse for pedagogiske og didaktiske spørsmål knytt til teknologiens plass i undervisninga.

Som studentmedarbeidar i Læringsverkstaden her på Høgskulen i Volda var det veldig kjekt å bli invitert til denne samlinga. Fyrste dagen starta med ei rundvising på Campus Carlsberg som er hovudcampus for Københavns Professjonshøjskole (KP). Det er også her Future Classroom Lab ligg, den plass som kom til å bli basen for nettverket dei to komande dagane.

Mange av dei digitale verkstadane som er under utvikling rundt om på lærarutdanningsinstitusjonane i Noreg har sett til Future Classroom Lab på KP for inspirasjon. Labben har vore i konstant utvikling sidan den vart starta for 10 år sidan, og blir i dag brukt både til undervisning i lærarutdanningane og til vidareutdanning av lærarar som arbeider i grunnskulen i København.

Målet med samlinga i nettverket var å samarbeide om å utvikle konkrete undervisningsopplegg som tok føre seg ein eller anna digital teknikk. Etter å ha idèmyldra om kva tematikk vi ønska å fordjupe oss i delte vi oss i fire grupper. Tre av gruppene laga opplegg som tok utgangspunkt i bruk av spel i undervisninga; den fjerde gruppa såg på korleis ein kan introdusere koding i undervisninga for elevar (og lærarar) som har lite eller ingen erfaring med dette.

Alle fire grupper klarte, på trass av den avgrensa tida, å lage spanande og relevante opplegg som vart presentert for resten av gruppa til lunsj på dag to. Sjølv om det faglege opplegget var intenst, så fant vi også tid litt sosial samvær – men det viste seg at det fans så mykje spanande å prøve ut i labben at vi vart att langt ut på kvelden.

Sist på programmet stod eit besøk på TekX i Rødorve kommune. TekX er eit tilsvarande Future Classroom Lab for heile kommunen. I staden for at kvar enkelt skule skal kjøpe inn og bygge kompetanse knytt til nytt digital utstyr, så har kommunen valt ei felles løysing. Til TekX kan lærarar frå alle skulane i kommunen kome med elevane sine for å ta i bruk digital teknologi i undervisninga. Ein viktig del av filosofien til kommunen er at TekX ikkje skal vere ein plass elevane blir sendt til – det er lærarane ved den enkelte skulen som tek i bruk labben i undervisninga. Dette fordi dei ynskjer å styrke kompetansen hjå alle lærarar i kommunen, og ikkje berre  dei spesialiserte pedagogane som arbeider på TekX.

Alt i alt var det ein utruleg inspirerande og lærerik tur, og eg håpar eg får anledning å også bli med på neste samling.

Skrive av Joakim Olsson

Opning av Læringsverkstaden

Fyrste dag med studentar i Læringsverkstaden er snart omme. Ei fin opning av ein viktig base som skal utvikle digital kompetanse både hjå tilsette og studentar.

 

 

Studentar frå MAGLU 1 var dei fyrste som fekk ta i bruk Læringsverkstaden i praksis. Vi ser fram til å møte fleire tilsette og studentar i Læringsverkstaden i vekene som kjem!