Digital Kompetanse i Læring og DigiGLU-prosjektet med med på å utvikle Skaparhuset i Ulstein. Skaparhuset skal bli staden der næringsliv, elevar, studentar og offentleg tilsette møtest for å nyskape, lære og løyse utfordringar i samarbeid. Kultur, nærings- og folkehelseutvalet i fylket og Sparebanken Møre løyver no 2,5 millionar kroner til prosjektet!
DigiGLU har som mål å styrke lærarstudentar, lærarutdannarar og praksisfeltet sin kritiske og kreative profesjonsfaglege digitale kompetanse. For å nå måla vert det sett i gong ulike tiltak og delprosjekt. Delprosjekt 4 handlar om å utvikle nye læringsareal og -utstyr. I Skaparhuset skal lokalet vere fleksibelt og ha ulike soner:
- digital sone
- verkstadsone
- sosial sone
- undervisningssone
- møtesone
- kontorsone med kontorfellesskap for Mafoss, NCE iKuben, ÅKP/HoppID-kontoret og Ulstein Næringsforum, i tillegg til kontor for gründerar og relevante einmannsbedrifter
Som eit ledd i delprosjekt 4 har DigiGLU ved Høgskulen i Volda i tillegg utvikla Læringsverkstaden, Skaparverkstad i K&H sine verkstadar, og arbeidd for å å gje tilgang til student- og lærarutstyr, iPadar & Cromebooks med digitale læringsressursar, demostasjonar om digitale klasserom og biblioteksutlån.