Lærerutdanningskonferansen 2021 – Lærerutdanning i digital transformasjon!

DigiGLU-prosjektet er saman med dei andre fire nasjonale digitaliseringsprosjekta utgangspunkt for Lærerutdanningskonferansen 2021. Her presenterer vi eit utval døme på utviklingsarbeid og digitale grep fagmiljøa har gjort gjennom prosjektet og frå praksisfeltet vi samarbeidar med.

Presentasjon av DigiGLU-prosjektet:

 

PfDK-nettverkskonferansen 2020: Digital skaparkraft – 12.-15.oktober – i opptak!

PfDK-nettverkskonferansen 2020: Digital skaparkraft 12.-15.oktober – i opptak!

No er det tilpassa programmet og innhaldet lagt ut som filmar og opptak, og Høgskulen i Volda og Udir ønskjer deg velkomen til å sjå konferanseinnhaldet her. 

Vi delte konferansen over fire dagar med direktesendte praktiske verkstadøkter frå kl. 14.30-15.45 i opptak,
medan foredrag og fagsamtalar ligg som ferdige filmar 
her på dei fire konferansenettsidene. 

Tema, filma innlegg og opptak av direktesendte webinar frå dei ulike dagane med fokus på skule og lærarutdanning:

12.oktober – Digital skaparkraft
13.oktober – Digital undervising med film
14.oktober – Programmering
15.oktober – Makerspace/Skaparverkstad og framtidsklasserom

 

Utsetting av nasjonal nettverkssamling i PfDK: Digital skaparkraft og dømmekraft til veke 42/43

Grunna korona-situasjonen må vi dessverre utsetje nettverkssamlinga «Digital skaparkraft og dømmekraft»  i Ulsteinvik/Volda den 30.-31. mars.

Høgskolen i Volda, OsloMet, Universitetet i Oslo og Udir hadde sett fram til ei spanande nettverkssamling med mange deltakarar, 120 er påmeldt! Slik situasjonen er no så er det dessverre ikkje mogleg å gjennomføre den i slutten av mars, men vi prøver igjen rett etter haustferien i veke 42/43.

Ved eventuelle spørsmål, kontakt:

Prosjektleiar ved HVO: Marianne Ulstein Johnston: johnstonm@hivolda.no

Prosjektleiing for DICTE/OsloMet: Louise Mifsud: lomi@oslomet.no   eller Tonje H. Giæver: tonjeh@oslomet.no

Prosjektleiing i Udir: lupfdk@udir.no

Påmelding til nettverkssamling 30.-31.mars 2020

Påmelding til Digital skaparkraft og dømmekraft – Nasjonal nettverkssamling i profesjonsfagleg digital kompetanse, 30.-31. mars 2020 i Ulsteinvik/Volda

Påmeldingsfrist: 5. mars 2020, Meld deg på her 

Høgskulen i Volda, Universitetet i Oslo, OsloMet og Utdanningsdirektoratet inviterer til nasjonal nettverkssamling for profesjonsfagleg digital kompetanse i lærarutdanning og skule med tema “Digital skaparkraft og dømmekraft”. Bli med på forskingsseminar, TeachMeet/TeachMake, innlegg knytt til fagfornyinga og workshops. Arrangementet har ikkje deltakaravgift.

Meir informasjon om program og reise finn du her

 

 

 

Leiarsamling i DEKOMP

Onsdag 12. januar var det leiarsamling i DEKOMP i Molde med tema fagfornying.

Høgskulemiljøa samarbeider med Kunnskapsnett Romsdal med kompetanseutvikling som vil vere avgjerande for å implementere fagfornyinga i skulen. Målet med samlingar som dette er å skape ei felles forståing for leiarrolla i arbeidet med fagfornyinga.

 

Frå Høgskulen i Volda hadde Kari Buset og Synnøve Amdam presentasjon.

 

 

Verkstadkurs i veke 7

Vi er i gong ved vårens verkstadkurs. Verkstadkursa blir halde tysdag og torsdag kl. 14.15-16 i Læringsrommet BK171 eller BK170. Desse fysiske kursa tek utgangspunkt i dei digitale kursa, og har plass til 25 deltakarar. Same kurs vert halde tysdag og torsdag.

I veke 7 er tema studentaktivitet og læringsanalyse. Canvas fekk hausten 2019 eit nytt verktøy New Analytics, som har som formål å støtte læringsanalyse. Verktøyet fokuser i første omgang på studentar sine karakterar og deltaking i form av innleveringar, diskusjonsinnlegg og sidevisningar.

Klikk her for å melde deg på verkstadkurset

 

Lær om 3D-printing i skulen

Torsdag 13. februar inviterer Læringsverkstaden til eit introduksjonskurs i bruk av 3D-printer. Tilbodet gjeld lærarstudentar ved Høgskulen i Volda.

Sveinar Kleive kjem på besøk til Læringsverkstaden (BK170) for å vise og fortelje om sine erfaringar med å bruke 3D-printer i skulen. Sveinar jobbar som lærar i Ulstein kommune og er i tillegg engasjert i Kodeklubben og Lær Kidsa Koding.

Har du lyst til å lære deg grunnleggjande bruk av ein 3D-printer og få tips om kvifor og korleis du kan bruke den til undervisning? Då synast vi du bør ta sjansen og bli med på dette kurset.
Vi har berre 15 plassar, så her er det først til mølla!

Verkstad på Velle skule

Våren 2020 er det kring 90 lærarar som tek vidareutdanning i tilpassa opplæring med digitale ressursar.

 

Fyrste samling handla om nye læreplanar og kva innhaldet har å seie for læraren sitt vidare arbeid med tilpassa opplæring med digitale ressursar.

 

Nettverkssamling om ‘Digital skaparkraft og dømmekraft’, 30.-31.mars 2020

Hold av datoane og meld på innlegg!

Vårens nettverkssamling om PfDK i lærerutdanningane arrangerer Utdanningsdirektoratet saman med Høgskolen i Volda og OsloMet den 30.-31. mars 2020.

Temaet for samlinga er “Digital skaparkraft og dømmekraft”  og vi ynskjer no at det vert sendt inn idear til presentasjonar eller diskusjonsinnlegg (eigne eller kollegaer sine), innan 10. februar.

Sjå meir om programmet, korleis du kan reise til Volda og korleis du melder innlegg – på samlinga si side (klikk her)