Vi er i gong ved vårens verkstadkurs. Verkstadkursa blir halde tysdag og torsdag kl. 14.15-16 i Læringsrommet BK171 eller BK170. Desse fysiske kursa tek utgangspunkt i dei digitale kursa, og har plass til 25 deltakarar. Same kurs vert halde tysdag og torsdag.
I veke 7 er tema studentaktivitet og læringsanalyse. Canvas fekk hausten 2019 eit nytt verktøy New Analytics, som har som formål å støtte læringsanalyse. Verktøyet fokuser i første omgang på studentar sine karakterar og deltaking i form av innleveringar, diskusjonsinnlegg og sidevisningar.
Klikk her for å melde deg på verkstadkurset