Leiarsamling i DEKOMP

Onsdag 12. januar var det leiarsamling i DEKOMP i Molde med tema fagfornying.

Høgskulemiljøa samarbeider med Kunnskapsnett Romsdal med kompetanseutvikling som vil vere avgjerande for å implementere fagfornyinga i skulen. Målet med samlingar som dette er å skape ei felles forståing for leiarrolla i arbeidet med fagfornyinga.

 

Frå Høgskulen i Volda hadde Kari Buset og Synnøve Amdam presentasjon.