Lærarutdanningskonferansen 2021 – Lærarutdanning i digital transformasjon

DigiGLU-prosjektet går mot slutten og vi presenterer eit utval døme på utviklingsarbeid og digitale grep fagmiljøa har gjort gjennom prosjektet og frå praksisfeltet vi samarbeidar med. Her vil det fyllast på etter kvart!


Kunst og handverk

Som del av DigiGLU-prosjektet har fagmiljøet Design, kunst og handverk etablert ein digital skaparverkstad (makerspace), Skaparverkstaden, i tilknytting til dei andre verkstadane sine. Kunst og handverk viser her to døme frå live-økta dei hadde under PfDK-konferansen Digital skaparkraft i oktober 2020, samt heile økta under Digital skaparkraft i lenka nedst:


HEILE LIVE-ØKTA FRÅ SKAPARVERKSTADEN VED HVO PÅ DIGITAL SKAPARKRAFT-KONFERANSEN 15.OKTOBER 2020


Engelsk

Kvifor lage boktrailer i Engelsk for Maglu 1.-7. trinn? 

Åsa Sundnes Bruheim:

For ein del elevar kan det vere tungt å kome i gang med lesing på engelsk, spesielt dersom dei skal skrive om boka etterpå.  Ei god hjelp til å auke leselysta kan vere å sjå ein boktrailar som kan vekke interesse for forteljinga og karakterane, og det å få lage ein slik film sjølv kan vere både lærerikt og motiverande! 

Boktrailarar kan la elevane jobbe kreativt med å reflektere over og analysere teksten dei har leseog såleis vere eit godt alternativ til å svare på skriftlege refleksjonsspørsmål til teksten. For å kunne presentere plottet og karakterane på ein god måte utan å røpe for mykje må ein ha ei god forståing av teksten, og når ein arbeider med ei biletbok må ein også studere bileta nøye for å få del i heile forteljinga. Skaparglede og kreativitet vert tydeleg løfta fram i LK20, og det å lage boktrailer kan vise slektskapet biletboksjangeren har til filmmediet. 

Å lage boktrailar med digitale verktøy gjer det lett å lage eit produkt som eleven er stolt av, og for engelskfaget er det særleg bra å kunne kombinere øving på skriftleg og munnleg ferdigheit i same aktivitet. 

Eksistensen av bokklubbar og ulike sosiale medier for deling av bokmeldingar viser at mange likar å diskutere og dele sine opplevingar med litteratur, så det å lage ein boktrailer er også ein autentisk aktivitet som har relevans for livet utanfor skulen. 

Oppgåva studentane fekk var som følgjer: 

Make a 1-2 minutes long book trailer for the picture book The True Story of the 3 Little Pigsby Jon Scieszka and Lane SmithUse e.g. Adobe Spark, iMovie, PowerPoint, or some other app you like. You should use both recorded speech, text and images (video or still photos)If you use background music, try to use something that fits this story. 

Studentane var orienterte om bruk av Creative Commons, og musikk- og bilderettigheiter. Dei kjøpte musikken dei brukte hos Epidemic Sound. Boka er skrive av Jon Scieszka og illustrasjonane er av Lane Smith. Begge døma er laga av førsteårsstudentar på MAGLU 1-7.

Første døme av Tuva Holmes Bergersen:

Andre døme er laga av Sofie Sunde:

Det var ikkje sett av så mykje tid til denne oppgåva i år, så studentane laga berre eitt utkast som vart vist til medstudentane utan nokon form for vurdering. Neste år vil vi vurdere å sette av meir tid til å gi tilbakemelding og la studentane redigere og finpusse produktet sitt.  


Samfunnsfag

Her er eit konkret døme frå Samfunnsfag-undervisinga våren 2021 der Trudi Henrydotter Eikrem og studentane har jobba med og i dynamiske læringsrom i Canvas:


Eit av Samfunnsfag sine satsingsområde i DigiGLU har vore omvendt klasserom. Her er Nils Magne Magerøy sitt innlegg om ‘Omvendt klasserom i samfunnsfag’ under Digital skaparkraft-konferansen:


Realfag

Her viser Øyvind Halse på Naturfag nokre døme på digitale ressursar dei har brukt i undervisinga:


Erik Fooladi, som underviser både i Naturfag og Mat og helse, haldt keynote under Digital skaparkraft-konferansen og tematiserer tverrfaglegheit både i teori og praksis:


Kim Andre Stavenæs Refvik ved Matematikk og Torbjørn Frantsen ved Digital kompetanse diskuterer programmering i og på tvers av fag under Digital skaparkraft:


KRLE

Kristin Hatlebrekke og Ralph Meier presenterer ei studentoppgåve dei har gitt i KRLE der fokus er på religiøse bygningar i valfri religion. Fagmiljøet har også jobba med bruk av VR i KRLE-undervising, noko dei vil legge ut meir om her seinare i vår:


Studentane Ylva Sollien og Lovise Luckenbach har brukt royalty-fri musikk frå redigeringsprogrammet Videopad.

 


Norsk

Kristin Sjøhelle presenterer eit opplegg knytt til fokus på munnleg kommunikasjon og dialogisk undervising med bruk av digitale ressursar for masterstudentane på 4.året i Maglu.
Norsk vil legge ut fleire døme utover våren.


Kroppsøving & Friluftsliv

Einar Løken presenterer korleis ein har jobba med undervisingsfilm og ulike typar dokumentasjon av værfenomen knytt til friluftsliv i DigiGLU-prosjektet.


Praksissamarbeid

I DigiGLU-prosjektet har HVO samarbeida med tre kommuner, Ulstein, Volda og Ørsta. Her viser vi døme på korleis ein har jobba med bruk av digitale ressursar i Ulstein-skulen, frå første trinn og ut vidaregåande.

Filmen viser ei live-økt under Digital skaparkraft-konferansen:

  • Programmering på barnetrinnet i Ulsteinskulen – frå 3.19
  • Podkast på barnetrinnet – frå 13.51
  • 3D-modellering og -printing på ungdomstrinnet – frå 26.31
  • Sensorbruk på vgs – frå 37.30


Ulike undervisingsarenaer og framtidsklasserom – Læringsverkstaden, Medieverkstaden, Skaparverkstaden og eksterne arenaer

Gjennom DigiGLU-prosjektet har vi utvikla ein felles læringsportal og eit læringsareal i biblioteket ved høgskulen, der studentar og tilsette kan utvikle sin profesjonsfaglege digitale kompetanse både på eige initiativ, med støtte frå studentassistentar, og som del av undervisingsopplegg: Læringsverkstaden. Her har vi både tilgang på fleksible læringsareal og ulike digitale ressursar.

Plasseringa i biblioteket gjer at det blir ein naturlig samlingsstad for studentane, ein stad både tilsette og studentar kan låne ressursar og utstyr gjennom biblioteksordning, og ein får kopla kursverksemd for både studentar og tilsette til biblioteket sine støttetenester. Digitale fagdagar for studentane arrangerast også her.

I tillegg til Læringsverkstaden har DigiGLU-prosjektet utvikla Medieverkstaden/LV-studio i biblioteket, der studentar og tilsette kan utforske t.d. bruk av podkast, green screen, dataspel i undervising, ulike filmformat og VR.

DigiGLU har også støtta utvikling av Skaparverkstaden i Design, kunst og handverk sine lokale som kan nyttast til tverrfagleg og fagspesifikt skapande arbeid med både digitale og analoge ressursar.

Høgskulen er partnar med Skaparhuset i Ulsteinvik og Framtidslaben, United Future Lab Norway, i Ålesund som har fokus på samarbeid mellom skule og arbeidsliv og nye arbeids- og læringsformer, og som vil vere viktige samarbeidspartar framover for utforsking av framtidsklasserom.

Høgskulen er også med i det faglege nettverket for framtidsklasserom i lærarutdanning og i det internasjonale nettverket Future Classroom Lab, og vil fortsette å utvikle Læringsverkstaden saman med desse partnarane og nettverka etter DigiGLU, også knytt til utvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse i andre utdanningar.