Påmelding til nettverkssamling 30.-31.mars 2020

Påmelding til Digital skaparkraft og dømmekraft – Nasjonal nettverkssamling i profesjonsfagleg digital kompetanse, 30.-31. mars 2020 i Ulsteinvik/Volda

Påmeldingsfrist: 5. mars 2020, Meld deg på her 

Høgskulen i Volda, Universitetet i Oslo, OsloMet og Utdanningsdirektoratet inviterer til nasjonal nettverkssamling for profesjonsfagleg digital kompetanse i lærarutdanning og skule med tema “Digital skaparkraft og dømmekraft”. Bli med på forskingsseminar, TeachMeet/TeachMake, innlegg knytt til fagfornyinga og workshops. Arrangementet har ikkje deltakaravgift.

Meir informasjon om program og reise finn du her

 

 

 

Leiarsamling i DEKOMP

Onsdag 12. januar var det leiarsamling i DEKOMP i Molde med tema fagfornying.

Høgskulemiljøa samarbeider med Kunnskapsnett Romsdal med kompetanseutvikling som vil vere avgjerande for å implementere fagfornyinga i skulen. Målet med samlingar som dette er å skape ei felles forståing for leiarrolla i arbeidet med fagfornyinga.

 

Frå Høgskulen i Volda hadde Kari Buset og Synnøve Amdam presentasjon.

 

 

Verkstadkurs i veke 7

Vi er i gong ved vårens verkstadkurs. Verkstadkursa blir halde tysdag og torsdag kl. 14.15-16 i Læringsrommet BK171 eller BK170. Desse fysiske kursa tek utgangspunkt i dei digitale kursa, og har plass til 25 deltakarar. Same kurs vert halde tysdag og torsdag.

I veke 7 er tema studentaktivitet og læringsanalyse. Canvas fekk hausten 2019 eit nytt verktøy New Analytics, som har som formål å støtte læringsanalyse. Verktøyet fokuser i første omgang på studentar sine karakterar og deltaking i form av innleveringar, diskusjonsinnlegg og sidevisningar.

Klikk her for å melde deg på verkstadkurset

 

Lær om 3D-printing i skulen

Torsdag 13. februar inviterer Læringsverkstaden til eit introduksjonskurs i bruk av 3D-printer. Tilbodet gjeld lærarstudentar ved Høgskulen i Volda.

Sveinar Kleive kjem på besøk til Læringsverkstaden (BK170) for å vise og fortelje om sine erfaringar med å bruke 3D-printer i skulen. Sveinar jobbar som lærar i Ulstein kommune og er i tillegg engasjert i Kodeklubben og Lær Kidsa Koding.

Har du lyst til å lære deg grunnleggjande bruk av ein 3D-printer og få tips om kvifor og korleis du kan bruke den til undervisning? Då synast vi du bør ta sjansen og bli med på dette kurset.
Vi har berre 15 plassar, så her er det først til mølla!