Torsdag 13.februar var det kurs for lærarstudentar med tema 3D-printing i skulen. Kurset vart halde i Læringsverkstaden på Høgskulen i Volda. Sveinar Kleive delte sine erfaringar frå arbeid med 3D-printing, og gav ei innføring i korleis bruke dette i skulen.
Dag: 14. februar 2020
Leiarsamling i DEKOMP
Onsdag 12. januar var det leiarsamling i DEKOMP i Molde med tema fagfornying.
Høgskulemiljøa samarbeider med Kunnskapsnett Romsdal med kompetanseutvikling som vil vere avgjerande for å implementere fagfornyinga i skulen. Målet med samlingar som dette er å skape ei felles forståing for leiarrolla i arbeidet med fagfornyinga.
Frå Høgskulen i Volda hadde Kari Buset og Synnøve Amdam presentasjon.