Verkstad på Velle skule

Våren 2020 er det kring 90 lærarar som tek vidareutdanning i tilpassa opplæring med digitale ressursar.

 

Fyrste samling handla om nye læreplanar og kva innhaldet har å seie for læraren sitt vidare arbeid med tilpassa opplæring med digitale ressursar.

 

Nettverkssamling om ‘Digital skaparkraft og dømmekraft’, 30.-31.mars 2020

Hold av datoane og meld på innlegg!

Vårens nettverkssamling om PfDK i lærerutdanningane arrangerer Utdanningsdirektoratet saman med Høgskolen i Volda og OsloMet den 30.-31. mars 2020.

Temaet for samlinga er “Digital skaparkraft og dømmekraft”  og vi ynskjer no at det vert sendt inn idear til presentasjonar eller diskusjonsinnlegg (eigne eller kollegaer sine), innan 10. februar.

Sjå meir om programmet, korleis du kan reise til Volda og korleis du melder innlegg – på samlinga si side (klikk her)

Nynorsksenteret samarbeider med spelutviklar

Selskapet Eduplaytion utviklar eit matematikkspel som heiter Numetry. No samarbeider dei med Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda for å lage ei nynorskutgåve.

 

 

 

– Dei tilsette ved Nynorsksenteret skal omsetje og språkvaske teksten til dataspelet. Dei har også skaffa ulike personar som har lese inn replikkar i studio ved Høgskulen i Volda, fortel Kristoffer Hundershagen som er som er dagleg leiar i Eduplaytion.

Tilsette ved Nynorsksenteret har hatt det faglege ansvaret, medan studentar ved høgskulen har stått for teknikk og filming i studio.
– For oss er det ein fordel å samarbeide med ein stor aktør som kan løyse mange oppgåver, i staden for å bruke mange små aktørar. På Nynorsksenteret har dei folk med høg kompetanse, og det er fint at studentar får vere med på prosjektet. Det er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, meiner Hundershagen.

Mange skular saknar gode, digitale læremiddel på nynorsk.
– Vi opplever at tilbydarar ofte synest det er vanskeleg å legge til rette for det. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein ved Nynorsksenteret.

Klikk her for å lese meir om samarbeidet

 

 

 

Besøk frå Interactive Norway

I dag har digitalpedagogen Lars Peter Østremn frå Interactive Norway hatt opplæring av bruk av Prowise Presenter 10 for fyrsteårsstudentar i barnehagelærarutdanninga.

Prowise Presenter 10 er ei skybasert undervisningsprogramvare som kan verte brukt frå barnehage til vidaregåande skule. Du kan bruke Prowise Presenter 10 på mobil, iPad, PC, mac og alle interaktive skjermar.  Studentane har fått ei innføring i moglegheitene i programvaren, og har fått prøvd dette ut sjølve.