Nynorsksenteret samarbeider med spelutviklar

Selskapet Eduplaytion utviklar eit matematikkspel som heiter Numetry. No samarbeider dei med Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda for å lage ei nynorskutgåve.

 

 

 

– Dei tilsette ved Nynorsksenteret skal omsetje og språkvaske teksten til dataspelet. Dei har også skaffa ulike personar som har lese inn replikkar i studio ved Høgskulen i Volda, fortel Kristoffer Hundershagen som er som er dagleg leiar i Eduplaytion.

Tilsette ved Nynorsksenteret har hatt det faglege ansvaret, medan studentar ved høgskulen har stått for teknikk og filming i studio.
– For oss er det ein fordel å samarbeide med ein stor aktør som kan løyse mange oppgåver, i staden for å bruke mange små aktørar. På Nynorsksenteret har dei folk med høg kompetanse, og det er fint at studentar får vere med på prosjektet. Det er ein vinn-vinn-situasjon for alle partar, meiner Hundershagen.

Mange skular saknar gode, digitale læremiddel på nynorsk.
– Vi opplever at tilbydarar ofte synest det er vanskeleg å legge til rette for det. Det ønskjer vi å gjere noko med, seier Anne Marta Vinsrygg Vadstein ved Nynorsksenteret.

Klikk her for å lese meir om samarbeidet