PfDK-nettverkskonferansen 2020: Digital skaparkraft – 12.-15.oktober – på nett og på direkten!

Velkomen til PfDK-nettverkskonferansen 2020: Digital skaparkraft 12.-15.oktober 

Grunna korona-situasjonen måtte vi utsetje den nasjonale nettverkssamlinga i PfDK Digital skaparkraft i mars.
No har vi tilpassa programmet, og Høgskulen i Volda og Udir kan på nytt ønske velkomen til Volda og Ulsteinvik – no på nett. 

Vi deler konferansen over fire dagar med direktesendte praktiske verkstadøkter som de kan bli med på frå kl. 14.30-15.45,
medan foredrag og fagsamtalar ligg som ferdige filmar 
her på konferansenettsida. 

Tema for dei ulike dagane med fokus på skule og lærarutdanning:

12.oktober – Digital skaparkraft
13.oktober – Digital undervising med film
14.oktober – Programmering
15.oktober – Makerspace/Skaparverkstad og framtidsklasserom

MEIR DETALJAR PÅ KONFERANSESIDA HER