Kurs i G Suite for Education
Undervisning og skulearbeid i ein digital kvardag stiller stadig større krav til gode verktøy for samskriving, kommunikasjon, presentasjon og deling av arbeid. DKL07KV er eit studie som går over heile hausten, med leksjonar kvar veke. Vi har ei samling i månaden. G Suite for Education er ein omfattande pakke med program, og vi vil arbeide med dei mest relevante utover hausten. Vi vil bruke mykje tid til å sjå på korleis desse verktøya kan bidra til bedre læring, og ein bedre samarbeidskultur for elevane. Kurset vil gi ei undervisning som er bedre i samsvar med den kvardagen elevane har utanfor skulen.


Den 29. august hadde vi første samling i studiet G Suite for Education med lærarane i Volda. På første samling brukte vi dagen til ein generell gjennomgang av løysinga, og korleis lærarane kan bruke den i undervisninga. Skulane i Volda har allereie arbeida med G-suite i eit halvt år, og lærarane har starta å ta i bruk verktøya. Det var difor ein motivert gjeng som møtte opp på første samling.
